Hjort påkøyrd

Publisert av:
11/2/2011 07:30

Det var onsdag kveld at ein bil på veg frå Lunde mot Våge køyrde på ein hjort som brått hoppa ut og ville kryssa vegen. Hendinga skjedde midt i brekka på veg nedover før botnen av brekka der ein køyrer opp mot Lien Trelast på Heggland.

Det vart skader på karosseriet til bilen. Det var fleire personar i bilen, men ingen kom til skade. Den skadde hjorte sprang inn i skogen. Politi og Viltnemnd vart informert.