Publisert av: Martha Nygård Lande
3/11/2021 12:53
Hjertefred på søndag
I år skal me endeleg få arrangere Hjertefred igjen.
Dette skjer på OnarTun fyrstkomande søndag. Hjertefred er ein times konsert med lokale artister som fremfører magisk musikk, og du er omringa av lys og varme.
Det er 5. året me arrangerer Hjertefred her på Tysnes, fortel Jannike Alvær Lie og Jannicke Bjørnevik.
Hjertefred er eit arrangement som kunstnaren Bjørg Thorhallsdottir laga til for sonen sin då han mista faren. Arrangementet er for å minnast og hedra dei me har mista.
I år treng me det meir enn nokon gong, etter ei lang og tung tid med corona og mykje einsomheit.
Du er velkommen til å dele ein hjertevarm time i lag med oss, der me kan vera saman for å minnast våre kjære med lys og varme.