Historisk møte

Publisert av:
20/9/2009 19:33

Me møttest i Sunda – Vevatne skulehus klokka 10.30.
11 tidlegare elevar samt to lærarar var møtt fram.
Frå Vevatne        :   Anny
Frå Sunda           :    Norolf og  Petra Karin
Frå Einengevikjo :    Johan, Helene, Solveig, Andreas, Margaret og Vigdis  
Frå Teiga            :    Lillian og  Magnhild 

Lærarane            :    Bjørg Ognedal  ( skuleåret 1957 – 58 )
                                Randi Halseth   ( skuleåret 1960 – 61 )

På lang avstand såg me flagget som ønskte oss velkomne. Då me kom inn, hang det eit fint skilt med velkomen på, laga i barlind på trebrett. Det var varmt og godt i skulestova. Borda var fint dekka med kvite dukar og god mat: påsmurte skjever med egg og sild på og ost, som det bruka å vera på dei gamle julefestane som var årvisse på Sunda.

I skulestova var det lagt fram gamle lærebøker, m.a. Nordahl Rolfsens lesebøker, og skriveverket:  ”Nytt system”.  To gamle pultar var sette fram med pennholder , pennesplitt og blekkhus.

Det var ei triveleg minnestund, der mange hadde ordet og fortalde om skuletida og skulevegen.
Norolf Sunde leia samværet, og Helga Sunde hadde datautstyr med, og delte ut kopiar av gamle bilete. I det strålande haustværet samlast me ute og tok mange bilete.

Hjarteleg takk til Norolf Sunde med familie som ordna det så koseleg for oss. Det var ei minnestund me vil ta vare på.

Os, 15. september 2009

Bjørg Ognedal