Publisert av: May Britt Meland
24/1/2018 07:23
Hans Ole 70 år!
Hans Ole Dalland 70 år!
7 år og på epleslang! No er det slutt på slike fakter når du må få ein 0 bak sjutalet ?
Du syslar med mykje ute og inne, og er ein ryddig type. Frilansjournalisten held endå koken, sjølv om Windows 10 gjer at hovudet stadig må gjera ein vri ?
Du er trufast, raus og god, og har lært oss å hegna om dei nære ting. Takk!
Sykling, fjellturar og treningsstudio, no synest me det er på tide at du tek opp att vinterbadinga di!
Til lukka med 70 års dagen i dag 24.januar, som har vorte feira i stor skala!
Klem frå familien, samt fugle- og dyrevenene dine.