Hellbillies
13/4/2016 18:00
Hellbillies var med på feiringa av vårt 5-års jubileum i 2011, dei leverte ein magisk konsert i 2013, og no har me invitert dei tilbake for å feira vårt 10-års jubileum!
Hellbillies er eit band som nok aldri kjem til å gå av moten. Sidan 1990 har dei begeistra publikum i kvar ein liten krok i Noreg. Dei har gjennomført over 1600 konsertar og haustar framleis fantastiske tilbakemeldingar både frå kritikarar og publikum. Hellbillies har selt rett i underkant av ein million album og får stadig større fan-skare. Leia av brødrene Aslag og Lars Håvard Haugen, er Hellbillies eit av Norges beste live-band, med ein energi og rutine få kan skilta med.
“Den finaste eg veit” er ein av dei mange slagerane til Hellbillies.
Vil du forberede deg til konserten, slik at du kan synge med, får du heile teksten i dette opptaket!
[youtube]VPUdMY6EsX0[/youtube]