Hektisk hauststart
30/7/2010 20:45
Det vert ein hektisk start på haustsesongen for fotballjenta Rikke Vermedal frå Uggdalsdalen. I vinter og vår har ho pendla til Stord for spel for SST, og kor ho har gjort det godt som 16-åring på seniorlaget deira.
Nyleg vart forsvarsspelaren invitert av Fana junior til å vera med dei på Norway Cup. Dermed har ho meldt overgang til Fana for ein månad. Første kamp i Norway Cup går no på søndag klokka 12.
– Dersom dei er heldige og gode nok og kjem til finalen i Norway Cup, så går den klokka 16 neste laurdag. Då blir det å setja seg i bilen og køyra til Stord der ho skal spela kamp for SST søndag klokka 13, fortel faren Per Vermedal til Tysnesingen.
Og torsdagen etter reiser ho med Stord sitt juniorlag til Sandefjord for å vera med på Sander Cup som går fredag – laurdag. Så det er eit hektisk program for det unge fotballtalentet.
får en hektisk start på høstsesongen.Ho er innvitert av Fana junior til å vere med til Nrway Cup.Så ho har meldt overgang til Fana (1 mnd.).Første kamp går søn. kl.12,dersom de er heldige og gode nok og kommer til finalen så går den kl 16 på neste lørdag.Da blir det å sette seg i bilen og kjøre til Stord der ho skal spille kamp for SST søndag kl 13.Torsdagen etter reiser ho med Stord sitt juniorlag til Sandefjord for å vere med på Sander Cup som går fre-søn.