Publisert av:
26/1/2009 09:16
Heimetap for G13
Tysnes fekk ein litt dårleg start på kampen. Dei slapp inn tre mål på like mange minuttar, og klarte aldri å knappa inn på den leiinga.
Men dei raudkledde skjerpa seg etter starten, og svinga seg kraftig opp utover i 1.omgongen. Daniell Hauge Hansen lada kanona fleire gonger og spelet vart jamnt fram til pause, der gjestane leia 5-8.
2.omgongen starta også jamnt, men mot slutten tok kreftene slutt for heimelaget, og Foldnes drog i frå. Tysnes hadde fleire gode forsøk, og viste gode takter innimellom. Men til slutt enda det med tap 9-13.
– Andreas Leite, Daniell Hauge Hansen (6), Torstein Flakke, Sven Arild Kongsvik, Morris Skulstad (2), Håkon Amland, Fredrik Kleppe, Jon Enes (1), Tobias Helland, Aksel Lande, Jone Knudsen, Alexander.