Publisert av:
7/10/2012 17:32
Heimetap
Njardar jenter har hatt mange gode kampar og resultat denne hausten.
I sesongens siste kamp vart det imidlertid eit stort tap. Torsdag møtte dei Gneist, som var eit svært godt lag.
Sjølv med iherdig innsats av Njardar-jentene måtte dei til slutt sjå seg slått med heile 0-11.
Mange av Njardar sine spelarar er både eitt og to år yngre enn den årsklassen dei spelar, og gjestane var nokre hakk betre enn Njardar sjølv om dei jobba hardt.