Publisert av:
26/7/2009 19:00
Heim frå 4H leir
Den mykje omtala 4H-leiren i Breim i nyhenda nasjonalt der leiren måtte avbrytast på grunn av svineinfluensa blant ein del av deltakarane, hadde to frå Tysnes med på leiren.
Dei to ungdomsskuleelevane er ikkje smitta. Dei kom heim til Tysnes i dag sundag, og begge har fått karantene på tre dagar.
Det er mor til den eine av ungdomane som opplysar dette til Tysnesingen.