Heider til forfattar frå Tysnes
10/6/2018 17:33
Ingelin Røssland vart fredag 9. juni tildelt heidersbevisninga “Ordknappen”. Årets vinnarar vart kunngjort under «Leser søker bok» sin jubileumsfest i Oslo. Av dei fire som i år fekk prisen, var to frå Sunnhordland, Ingelin Røssland og Anders Totland.
Ordknappen er et synlig bevis på at ein forfattar med rette kan kalle seg «forfatter for alle» heiter det i “Leser søker bok”. “Leser søker bok” er ei forening som jobbar for at alle skal ha tilgong til gode bøker.
Sjølve Ordknappen er ei lita sølvnål som beviser at forfattaren har skrive ei tilgjengelig bok. På same måte som med Svømmeknappen, har den som mottek Ordknappen tilbakelagt ei utfordrande distanse. Den som mottek Ordknappen har vist at bøker kan utviklast til å nå mange, også dei som slit med å lese vanlige bøker.
Ingelin Røssland er no inne i sitt 20. år som forfattar. I 1998 ga ho ut debutromanen Viss du vil . Til saman har ho gitt ut 15 bøker.
2008: Ibby Honour List (for Handgranateple)
2007: Uprisen (for Handgranateple)
2007: Sigmund Skard-stipendet
2007: Guro Sandsdalens litteraturpris
2006: Sunnmørsprisen (for Handgranateple)