Publisert av: Vegard Aslaksen
24/10/2019 20:40
Haustkonsert i Vonheim
Søndag vert det konsert kl 17.00 i ungdomshuset Vonheim. Då kjem Marianne og Åsne Sunniva med gjester til ungdomshuset i Vonheim.
Publikum vil få smakebitar frå kjent og kjært repertoar. Det blir jazz, opera, Grieg, musical og norske songar.
Det vert lova god stemning og vakker variert musikk. Les meir om arrangementet her.
Marianne Lindtner sanger og pianist kjem frå ein kjent skuespiller familie i Bergen. Ho er Åsne Sunniva Søreide sin kollega i korene Stjernekoret og Scenedrømkoret. Åsne er dirigent og Marianne er pianist for korene. Dei har årleg utselde hus på julekonserten sin i Mariakirken. I år vert julekonserten i Domkirken Bergen 5.desember kl 18.00.