Hattrick avgjorde

Publisert av:
4/9/2010 19:01

I ein rotete kamp der ingen av laga varta opp med noko storspel, var det likevel ein spelar som ville noko.

Kristoffer Lie Hansen kvitterte med hattrick i kampen mot Rong på Reiso i dag, og spissen frå Lie har no sju mål på fire kampar på rad!

Han gjorde 1-0 til dei gulkledde tidleg i 1.omgong, før Christian Frugård ordna 2-0 til pause. Etter kvilen kom gjestane betre med og augna eit håp om poeng då dei reduserte midtvegs.

Men Kristoffer ville det annleis. Eit vakkert 3-1 mål der han runda ein Rong-forsvarar, sprinta frå han og plasserte ballen nydeleg i nota, og 4-1 målet kom med eit kontant hovudstøt etter corner som krona ein flott kamp av spissen.

Desse var med: Kjartan Hagen, Terje Vevatne, Ronny Hagen, Knut Sigve Gjerstad, Fahri Akuyz, Thomas Hagen, Roy Inge Korsnes, Nils Eivind Hansen, Christian Frugård, Kristoffer Lie Hansen, Arild Storesætre, Endre Vermedal, Helge Flornes, Daniell Hauge Hansen.