Hardanger i eit nøtteskal

Publisert av:
1/8/2010 14:01

Å vera turist i eige land/eige fylke er noko me kanskje ser på som sært, men det er faktisk mykje artig og fint å sjå utan å fjerna seg så veldig mykje.

Ein sjøtur i indre Hardanger kan anbefalast på det varmaste. Runden tek for seg fjorden med start i Norheimsund vidare til  Herand, Utne ,Kinsarvik, Ullensvang ,Ulvik og endar i Eidfjord. Der er det buss til Hardanger natursenter i Eidfjord.

Ivo Caprino sin videograf om fjord og fjell er alltid like fantastisk,likeså resten av utstillinga ved senteret. Vidare til Fossli, der ein kan sjå ned i Vøringsfossen. Returen er motsett veg, ein endar opp i Norheimsund att, dersom ein ynskjer det.

Og med ein Tysnesing som sjef ombord skulle alle føla seg vel heime.

God Tur.

PS Anbefalinga er ikkje sponsa av noko rederi.