Handballkampar i Tysneshallen
30/10/2012 10:04
Laurdag 27/10 hadde me 6 kampar i Tysneshallen.
Jenter 12 Tysnes – Os
Ein ganske jevn start der laga fylde kvarandre godt, men etter kvart viste det seg at Tysnes var klart da beste laget. Godt forsvarspel og kjappe angrep gjorde til at Os blei parkert .
2 omgang blei envesiskjørt mot Os sitt mål sluttresultatet blei tilslutt 20-7.
Jenter 14 Tysnes – Bønes
Her var Tysnesjentene dei klart beste. Dei tok føringa ganske tidlig og beholdt den heile kampen. Flott kamp og veldig kjekt å sjå at mange av jentene kom på scoringslista.
Ein suveren seier til Tysnes 33-5
Gutar 14 Tysnes2- Sotra 2
Ein målfattig kamp der laga virka jevngode. Sotra2 låg i førina det meste av kampen. Mot slutten i 2.omg tok tysnes gutane seg i saman og henta inn ledelsen til Sotra2 , men diverre så glapp da i dei siste minutta så sluttresultatet blei 5-8.
Damer k7 Tysnes – Sund
Ein kamp med høgt tempo men lite mål i fyrste omgong. Ein del personlege feil på begge lag og fantastisk spel av Sund sin keeper gjorde at dette vart ein jevn omgong med berre 7 – 8 til pause.
Sund starta best i 2.omgong og var oppe i ei 4-måls leiing før Tysnesdamene vakna. Men etter halvspelt omgong og 3 kjappe straffar var Tysnesdamene ajour! Keeper Therese storspelte og hadde fleire viktige redningar. Linda brillierte på streken og scora fleire praktfulle mål! Heile laget jobba godt og vann tilslutt 19-16.
J12 Tysnes – Kvinnherad
Jevn kamp der spelet bølga att og fram men lite scoringar takka vere gode keeprar. 2-4 til pause.
Malene scora 3 kjappe i byrjinga av omg og Tysnes er ajour på 5-5.
Forsvarsspelet til Tysnes tok seg opp og Kvinnherad kom ikkje til avslutningar medan Tysnes fekk angrepsspelet til å fungere og vann til slutt 9-5.
G14 Tysnes – Gneist
Elvis storspelte i mål og hadde fleire dobbelredningar! Flotte scoringar frå Matias på vingen. Tysnes leda mesteparten av omgangen men Gneist kom sterkt i slutten og ein gjekk til pause med uavgjort 6-6.
Gneist fekk best start på 2. Omg og gjekk opp i ei 2 målsleiing før Tysnes kom inn i kampen igjen. Tysnes jobba godt i forsvar og fekk fleire flotte kontringsmål som gjorde at dei tok sigeren i land og vann 16-10!