Håndballkampar i hallen laurdag 27.09.14

Publisert av:
1/10/2014 06:05

J13 på toppen av tabellen

Laurdag var det duka for kamp mellom Tysnes og Kalandseid for jenter 13.

Tysnesjentene begynte fint med å stoppa jentene frå Kalandseid, og fekk skåring. Like etter slapp dei inn eit mål frå gjestene. Etter det skjerpa Tysnesjentene seg, og slapp ikkje inn fleire mål i heile kampen.

Laget hadde godt samspel, og det vart skåringar frå alle kantar.

Sluttresultat 21-1. 

Jenter 13 har spelt 4 kampar til no i serien, og vunne alle. Dei ligg på topp i tabellen for si gruppe.

Foto J 13: Elisabeth Ebbesvik

Damelaget mot Bønes

Damelaget spelte ein veldig bra kamp mot Bønes. Det var aldri tvil om kven som var best på banen. 

Resultatet 42-13 er rein utklassing.

Damelaget har vunne alle sine kampar så langt denne hausten.

Foto Damelaget: Norunn Ebbesvik

Tekst: Eli Espeland