Handball aktivitet i Tysneshallen søndag 30.september
1/10/2012 17:11
Gutar 14, Tysnes – Bønes (8 -13)
Bønes tok føringa tidleg i kampen, men Tysnes hang godt med i første omgang. Særleg keeperspelet sytte for eit jevnt pauseresultat, 3-4.
Etter pause var Tysnes oppe i 5-4 før Bønes kom sterkt tilbake med fleire mål. Mot slutten av kampen bytta Tysnes målvakt og fekk meir fart i laget. Opphentinga starta diverre for seint, og kampen enda med fem mål i overvekt til gjestene.
Gutar 14, Tysnes2 – Mathopen2 (9-20)
Tysnesgutane møtte eit lag frå Mathopen som var noko betre koordinerte i spelet enn våre. Gjestene leia klart med sju mål til pause. Nokre gode enkeltprestasjonar var diverre ikkje godt nok til å snu trenden i andre omgang. Med litt meir kamptrening vil me nok spela jamnare. Trenaren ser mykje positivt i laget.
Jenter 14, Tysnes – Fana (27 -12)
Tysnes møtte eit godt lag fra Fanabygda, men var sjølv endå betre! I denne kampen hadde tysnesjentene full kontroll frå første kast. Alle jobba i svært høgt tempo, og pressa motstandarane gjennom heile kampen. Jentene kommuniserar godt, og er flinke til å lesa spelet. Tysnes leia 13-4 til pause og Fana hadde ingen sjanse til å ta innpå Tysnes. Nesten alle på laget scora i dag, og det er tydeleg at trenarar og jentene har jobba bra over lang tid, -dette laget leverer fantastisk godt spel!
Damer, Tysnes – Kjøkkelvik4 ( 25 – 30)
Kjøkkelvik scora eit par mål før Tysnes vakna, men det vart etterkvart ein svært jamn første omgang. Begge laga spelte tøft og det vart ein del gule kort undervegs. Tysnesforsvaret stoppa mykje, men angrepsspelet til Kjøkkelvik fungerte også bra, så motstandarane leia 11 – 10 til pause. Etter pause fekk Tysnes grepet på kampen og leia med 3 mål midtveis i andre omgang. På slutten fekk Tysnes litt for mange baklengs slik at ein underhaldande og jamn kamp enda med tap denne gong.
Viss du er ute etter god søndagsunderhaldning er det berre å ta turen i Tysneshallen når det er kamp! Tysnes idrettslag har kiosk med varmmat og kaker, og publikum får informasjon frå drevne kommentatorar. Takk til Lars Petter Epland som gjorde strålande innsats i dag.
Sanneleg godt at me har Tysneshallen! Til glede for aktive og passive :-)