Publisert av: Martha Nygård Lande
3/8/2019 16:55
Hamnebingo og matmarknad i Våge
På ein laurdag ettermiddag når sola ikkje heilt greidde å koma gjennom skydekket, fann mange ut at hamnebingo kunne vera kjekt. Det var nesten fullt rundt borda i hamna, både unge og eldre.
Kåre Martin Kleppe var bingovert, og delte ut fine premiar.
Det var Tysnes Ungdomslag og Garden på Dalland som sto som arrangør for dagen, og i tillegg til bingo, kunne ein også få kjøpt ulike varer på matmarknaden.