Gulljentene

Publisert av:
29/4/2013 11:58

Kaisa Kristine 12 år tok uoffisiell Noregsrekord i benkpress rekrutt2 (13-14 år, ingen vektklasse). Rekruttane kan kun konkurrere i benkpress, og det er om å gjere å løfte flest mogleg repetisjonar på 25 kg. 

Ho var litt nervøs før start, men hadde bestemt seg for å klare 40 repetisjoner med 25 kg. Ho klarte dette målet og var veldig nøgd! Kaisa starta å løfte vekter for berre nokre månader sidan. Det er storesøstra og hennar trening med vekter og gode resultater som har vore inspirasjonen. Denne sporten er noko ho ynskjer å fortsette med.

 Anna Dorthea tok gull, satte ny Noregsrekord, vart beste dameløfter og fekk dermed med seg sin første vandrepokal. 

Ho løfta 80 kg utstyrsfritt i benkpress, 85 kg i knebøy og 133 kg i markløft. Resultatet i markløft var hennar første Noregsrekord i denne øvinga. Anna var veldig nøgd med resulta! Grunna skade i ankelen tok ho lite og lett i knebøy, ei øving ho har løfta over 100 kg i tidlegare. Anna Dorthea ser no fram mot NM for vaksne i Bergen 1. juni. Då har ho som mål å ta enda ny Noregsrekord.