Publisert av:
4/7/2011 18:20
Gudsteneste på Solstråløya
Trass i lett duskregn søndag var det 25 – 30 personar som våga seg ut til gudstenesta på Solstråleøya søndag, fortel Kirsten Nesse til Tysnesingen..
– Det var ei flott gudsteneste, og etterpå serverte Solstråleøya Venelag kaffi og vaflar, seier ho.
For dei som ikkje hadde høve å koma seg i båt sjølv til Solstråleøya, hadde Venelaget ordna med skyss frå både Våge og Lunde, der Rune Lunde med skøyta si frakta folk trygt fram og attende.
(Alle foto: Kirsten Nesse)