GRÜNDERPULS på Stord – Tema NETTBUTIKK

Publisert av:
23/11/2013 14:17

På denne gründerpulsen vil temaet vere nettbutikk. Det vil her bli gitt eit kurs om korleis starte ein nettbutikk. Kurset gir ein kort introduksjon til dei praktiske sidene av netthandel, som for eksempel rekneskap, logistikk, handelssystem og betalingshandtering. Kurset vil også gjennomgå nokre av av dei verktøy og verkemiddel som finns, for å auke salet på ein nettstad.

Atheno arrangerer gründerpuls i kommunane i Sunnhordland, der det vert tatt opp tema som engasjerer og interesserer dei som driv eiga verksemd , dei som vurderer å starte bedrift eller dei som akkurat har starta. På gründerpuls er terskelen låg for deltaking, og det er ein uhøgtidleg møteplass og nettverksarena for bedrifter og personar, gjerne i etableringsfasen, som ynskjer å treffa andre i same situasjon. Det vil bli høve til prat og spørsmål etter minikurset.

Frå Nett

Kurshaldar er Alexander Kittilsen og han er dagleg leiar i Fra Nett AS, som spesialiserer seg på heilskapelege nettbutikk løysingar. Han vil og gi konkrete eksempel frå andre gründerar som har bygd opp sin nettbutikk frå grunnen av, gi tips til domene, nettbutikkløysingar, kundeservice og utsending av varer.

Alle velkomen

Gründerpulsen finn stad på Stord Hotell torsdag 28. november kl 17 – 20:30 der alle er velkomen.

Påmelding innan 26. november på www.atheno.no

Gründerpuls er eit samarbeid mellom Atheno og NAV Jobbservice.

For meir informasjon, kontakt Atheno AS ved prosjektleiar Torill Berge Nøstvåg, tlf 918 41 158.