Grøn Dag i Lunde

Publisert av:
15/5/2009 20:22

Elevane ved Lunde skule har sitt eige Minigartneri. I dag fekk dei selt dei fleste av plantene sine.

For i det nydelege véret møtte det opp mykje folk. Det betydde at handelen gjekk strykande, og kundane virka godt nøgde med plantene elevane hadde å tilby.

Etter handleturen nytta mange høvet til å ta seg ein kopp kaffi og ein matbete på Fredagskaféen i Storastovo.