Publisert av:
18/2/2009 19:26
Gratis filmleige
Grunna straumbrot utanfor Tysnes opplevde våre kundar diverre at breibandssignala var vekke om ettermiddagen torsdag 12. februar. Dette skal normalt ikkje medføre signalfeil og underleverandør har lova å retta opp rutinane.
Tysnes Breiband beklagar sterkt dei ulempene dette medførte for kundane våre, og ynskjer difor å tilby alle TV-kundar å leige ein film gratis frå Altibox.
Filmleige vert aktivert på vanleg måte frå TV-portalen med fjernkontrollen og pinkode2.
TILBODET GJELD FOR MARS MÅNAD og prisen vert fråtrekt på fakturaen for mars.