Godt biblioteksår

Publisert av:
7/2/2009 10:11

Sjølv om ikkje tala for 2008 er heilt endeleg klare, så viser statistikken så langt at biblioteket har registrert fleire utlån enn året før.

Til Bladet Tysnes opplyser biblioteksjef Knut Rage at ein så langt har registrert 4850 utlånte einingar i 2008 mot 4260 i 2007. Truleg vil talet for fjoråret passera 5000.

Rage trur dei gode utlånstala kjem av gode opningstider og at biblioteket er lett tilgjengeleg for publikum der dei ligg i Tysneshallen.