Publisert av:
12/10/2011 18:35
– Gode forutsetnader for å lukkast
Handballkretsen har eit utviklingsmiljø som er regionen si toppgruppe for yngre og lovande domarar. Hovudmålet med gruppa er å få fleire domarar opp i lokal 2. og 3.divisjon, samt å vidareføra dei beste kandidatane til nasjonalt nivå.
Blant desse domartalenta er Tysnes Idrettslag si Hilde Anette Ebbesvik. Ho dømmer i par med Pernille Larsen frå Sotra SPKL.
Slik skildrar kretsen domarparet:
“Nytt par i gruppen og er også et nykomponert par sammen. Spennende typer som dommere og som ønsker å bli bedre. Dømmer per i dag kamper i regionsserie som høyeste nivå. Vil trolig ta steget inn i divisjonshåndballen i løpet av sesongen. Har gode forutsetninger for å lykkes.”
Samlinga for toppgruppa av domarar skal møtast fyrstkomande fredag i Bergen.