God Morgon Tysnesfest
31/3/2011 05:08
Våre kjære programleiarar Anders og Markus vil kvar morgon gje gjestene ein gjennomgong om kva som skal skje av store og små hendingar dei ulike dagane. Her vil det bla. bli politiske debatt, og Hakon Vatle vil gje oss eit forrykende sjantiseminar(sjå utfyllande info lengre nede i meldinga ang sjantiseminaret).
Det vil sjølvsagt også i år bli servert ordentlig norsk bondefrukost i “bermuda” teltet ved Spar kvar dag i frå torsdag til søndag under Tysnesfest. Me vil jo ikkje at festivalfolket skal starta dagen på tom mage…
Sjanti-seminaret!
Håkon Vatle frå Stord er grunnleggjar og forsongar i Storm Weather Shanty Choir; Noregs mest hardslåande sjantikor. Håkon vart kjend med denne tradisjonen om bord på SS Statsraad Lehmkuhl. Der han hadde hyre kvar sesong frå 1996 – 2005 og segla bla. som jungmann, lettmatros, sersjant, båtsmann og ….SJANTIMANN.
Han er truleg den fyrste i verda som har skrive ein mastergrad på sjantiar, en grad han fullførte til beste karakter i 2005 ved Raulandsakademiet, Høgskulen i Telemark.
I tillegg til å gi ut fire plater med Storm Weather Shanty Choir, har han også gjeve ut ei soloplate med kun norskspråklege sjømannsviser som han fann då han gjorde mastergraden sin. På sjantiseminaret vil han gje ei kort innføring i denne fantastiske og inkluderande songtradisjonen frå dei sju hav.
Publikum får ein frisk start på dagen med mykje song og i tillegg fagleg ballast frå ein, for mange, bortgløymd tradisjon. Dette til trass for at Noreg er, og har vore, ein av dei største sjøfartsnasjonane gjennom tidene og at 80% av Noregs befolkning bur, og har budd langs kysten. Norsk folkemusikk er meir enn hardingfele, slåttar og stev.
Velkomen!