God kamp, men tap
21/8/2011 19:15
Årets suverene serieleiar i 7.divisjon, Juristforeningen, gjesta Vassbakken i kveld. I vår tapte Njardar 0-7 og var sjanselause. I dag var det meir jamnt og dei gulkledde beit godt frå seg.
A-laget stillte igjen med fleire spelesugne gutespelarar frå start, og dei gjorde seg ikkje bort denne gongen heller. Det var god vilje i heimelaget, men dei skapte litt få sjansar.
Gjestane tok leiinga etter berre kvarteret spelt, på eit fint skot i vinkelen. Det var likevel jamnt gjennom heile kampen, men med eit lite overtak av ballinnehav av Juristforeningen. Heilt på slutten pungerte juristane kampen med 2-0 scoring.
Men god innsats frå Njardar og held dei dette oppe bør dei kunna ta ein del poeng utover hausten.
Desse var med: Kjartan Hagen, Torstein Flakke, Endre Vermedal, Steffen Opdal, Fredrik Winther, Simon Malkenes, Thomas Hagen, Aksel Lande, Tommy Hansen, Terje Hagen, Remi Khaldi, Terje Vevatne, Nils E. Hansen, Raymond Epland, Daniell Hauge Hansen, Gard Bakke.