Publisert av: Martha Nygård Lande
27/4/2024 15:59
God kamp av A-laget, sjølv om det vart tap.
A-laget spelte i går kveld årets første heimekamp for sesongen når Lysekloster 3 hadde teke turen over Bjørnafjorden.
Våre menn åpna kampen gnistrande, og allerede etter eit par minutter blei Jonas Siglevik Lunde spelt fri mot keeper. Avslutninga gjekk på innsida av stolpen og i klypene på burvokteren, noko som skulle vise seg å vere kjenningsmelodien for Njardarherrane denne kvelden. Njardar produserte den eine store sjansen etter den andre, men effektiviteten uteblei og i staden var det gjestane som skulle smelle inn ledelsen. Det vart også pauseresultatet etter ein litt rotete 1. omgang.
Eit Njardar-lag i angrepsposisjon skrudde til intensiteten og trøkket etter kvilen, og pressa på for utlikning. Store sjanser kom på løpande bånd, utan tellande resultat.
Dei besøkande munkane hadde derimot ein lynhurtig og effektiv spiss på topp, som straffa våre menn knallhardt på kontringer. To nye tette baklengsmål i det 59. og 61. minutt var knallharde å svelge, men Njardar gav aldri opp, som etterkvart fortent gav uttelling. Som så mange ganger før, stanga Didrik(bildet) ballen i mål, etter innlegg frå Rafael, som gav fornya energi og spenning i kampen. Njardar pressa på, men marginane var på gjestane si side, før Didrik på tampen igjen reduserte til 2-3 etter pasning frå Njord.
Våre menn satsa alt på ein utlikning i sluttminutta og du verden så nære! Nok ein gang stod Lysekloster sin sisteskanse i vegen, og gjestane kunne jublande puste letta ut for 3 poeng på Reiso. Sjansesløseriet var frustrerande, og alle gler seg til å slå tilbake i neste kamp!
Tusen takk til publikum og til gjestane for kampen!
Neste kamp for A-laget er lørdag mot Vadmyra på bortebane.