God cuphelg for G12

Publisert av:
22/8/2011 12:50

Me reiste innover på fredag, og om kvelden var det grilling. Njardar/Tysnes hadde tre kampar om laurdagen og to om søndagen. I første kampen laurdag vart det 2 – 8 mot Haugar 2. Motstandaren var eit godt lag som var samtrente.

I den andre kampen gjekk det betre. Bremnes var motstandar. Kampen var ganske jamn, men Njardar/Tysnes vann til slutt fortent 2 – 1. Også i den siste kampen på laurdag vart det siger. 4 – 1 vart resultatet mot Stord/Langeland. Dette var klart den beste kampen til Njardar/Tysnes denne helga. Spelarane viste stor innsats, og når avslutningane sit, vart det ein fortent siger.

Første motstandar på søndag varTrio. Spelet gjekk fram og tilbake, og Njardar/Tysnes leia lenge 3 – 2. Mot slutten hadde Trio eit skot som trefte tverrliggjaren. Ballen slo ned utanfor mållinja, men dommaren dømte mål, og dermed vart resultatet 3– 3. Også i den siste kampen enda det uavgjort. Venjar var motstandar, og resultatet vart 2 – 2.

Spissane Erik og Alf Inge scora dei fleste måla, men også Ludvik og Håkon kom på scoringslista.
Dette var den første overnattingsturen til G 12. I tillegg til fotball var dei bl. a. på diskotek, men der vart dei ikkje vinnarane. Det var ein flott gjeng å reisa på tur med, og leiarane hadde stort sett ei lett oppgåve.

Desse deltok: Martin Bakke, Henrik Epland, Robert Støle, Øyvind Kleppe, Jakob Lande, Olai Hollekim, Benjamin Tho, Håkon Knudsen, Thomas Hjelland, Ludvik Dalland, Ricard Wathne, Alf Inge Stue og Erik Enes.