God basarstemning
27/3/2016 10:52
Det vart (som vanleg) fullt lokale både oppe og nede i Frilund på basaren til Lundegrend Idrettslag.
Talentfulle ungdommar i bygda underheldt.
Fyrst ute var 9 år gamle Louise Vermedal Lunde som sang, og deretter Ingelin Malkenes med to songar. Begge hadde dyktige Tore Hodneland med seg på gitar.
I salen var det full konsentrasjon og stor spenning under trekkjinga av årane.
Mailinn H. Hagen, leiar i Lundegrend Idrettslag, ynskjer å retta ei stor takk til alle som bidrog med gevinstar, både bedrifter og privatpersonar.
Laget er også takknemlege for god hjelp av frilillige både før, under og etter basaren. Bygdafolket bidrog med alt frå kakebaking, tillaging, rydding og vasking.
-Utan denne gode dugnadsånden hadde det ikkje blitt noko basar!
Laget er svært nøgd med resultatet, og er glade for at fleire generasjonar brukar skjærtorsdag til å gå på basar.