Gler seg til opning

Publisert av: May Britt Meland
24/3/2026 08:41

Etter ein hektisk klargjeringsperiode, er det no klart for eit nytt mat-tilbod på Tysnes, gatekjøkken i Esso-bygget. Laurdag 21. mars var det prøvesmaking på Rett i Nebbet i Våge. Eigarane av det nye gatekjøkkenet i Våge, Trond Budal og Andrianiaina  Andrianaivora, hadde invitert ein gjeng frå Gripne Caming.

Budal fortel at dei no har tilsett to personar, og vil vurdere å ansette fleire dersom det vert behov for det.
-Vi gler oss og er veldig spent på korleis dette blir. Vi har fått mange tilbakemeldingar på at eit slik tilbod har vore sakna på Tysnes.

Skjærtorsdag 2. april kl 15.00 vert den fyrste åpningsdagen.

Åpningstidene framover er sett til fredag – søndag kl 15.00 – 22.00.