Gjorde reint bord

Publisert av:
7/6/2015 05:31

Jentene vann alle kampnane dei spelte, då dei deltok på Bendit Cup på Os Laurdag, 6. juni.
Bendit Cup er ein årleg fotballcup som vart arrangert av Os Fotball på Kuventræ Idrettspark. Cupen er for aldersgruppa 7-12 år, gutar og jenter.

Jentene spelte 5’ar fotball, og Åhild Matre fortel til Tysnesingen.no at jentene var kjempeflinke og hadde godt samspel. Ho gler seg til å følgja desse jentene vidare. Og so var me utruleg heldige med veret, sol og varmt, legg ho til.

Foto: Åshild Matre