Går som det susar
3/12/2008 23:00
Som dei fleste veit vert det juleshow av 10.klassingane torsdag 11. desember og fredag 12. desember.
Elevane er komen godt i gang med øvinga, og no er det berre finpussinga som gjenstår. Utstyr til skjetsjar og dansar er laga på tekstilen på skulen.
Elevane har vore igjen etter skulen fleire dagar den siste tida for å øva. Og dei har brukt mykje av fritida deira for å sørgja for at showet skal bli vellukka. Dei neste dagane skal elevane bruka heile dagane på skulen til å laga billettar, pynta ungdomshuset og øva enno meir.
På menyen til showet har dei å tilby song, dans og nokre morosame innslag. Det vert og laga til eit lynlotteri der ein har sjanse til å stikka av med nokre premiar.
Når billettane kjem på marknaden, vert det førstemann til mølla. Skal ein få med seg juleshowet, må ein vera tidleg ute for å få tak i billettane, hevdar 10.klassingane til Tysnesingen.
– Øvinga går som det susar, konstanterer Jostein Gjerstad som er ein av dei som skal på scena unders årets juleshow. Han trur at det kjem til å bli eit kjempeshow, og gler seg til å visa fram det elevane heile hausten har planlagd.