Publisert av:
27/9/2010 14:00
Gamal kjenning?
Dette er den gamle Godøysund I båten som var ofte å sjå rundt Tysnes farvatn på 60- og 70-talet.
Eigar av båten i dag er Are Bye som jobbar som journalist i Aftenposten. Ein av hans største hobbyar er båt, og nyleg kjøpte han gamle Godøysund I som er ein 45 fots plattgatter. Den vart bygd hos Lunde båtbyggeri i 1953.
Før i tida var båten ein såkalla “sjøbuss” som frakta folk hist og her. No er båten i stor grad ombygd, men linjene er dei same, og det originale skiltet med byggnummer 130 frå Lunde båtbyggeri er intakt.
Dersom nokon skulle ha interessante opplysningar om Godøysund I frå den tida den gjekk her på Tysnes, så er Are Bye glad for alle tilbakemeldingar. Send han då ein mail på post@arebye.no.