Galleriet på Breidablikk

Publisert av:
15/7/2012 19:13

Olav Skjellevik opna utstillinga fredagen. Han hadde god greie på bringeklutar, og kunne fortelja dei frammøtte mykje interessant!  Han var inne på mangfaldet og ulike teknikkar, og han fortalde om bunadsklede han hadde funne heime.

Utstillinga er imponerande og vel verdt å få med seg. Britt, Vibeke og Birgitta hadde gjort ein stor jobb med å setja saman den flotte utstillinga!  Dei var til stades og informerte og svarte på spørsmål.

Bringeklutane er alle frå Tysnes, og alle er ulike!  Dei kjem frå ulike tidsbolkar og er laga til både store og små.  Teknikkane og utforminga er ulike, og på Galleriet er dei delte inn i ulike grupper.
 Ein vil få sjå bringeklutar som er broderte, nokre er laga med perler, tredde eller vevde, og andre er ein kombinasjon av  perler og broderi.

Både fredag og laurdag var det mange som tok turen innom for å sjå, og mange let seg imponera!  Etter å ha sett utstillinga, var det ein del som  tok seg tid til ein liten kaffipause i hagen.

I verkstaden var det høve til å laga seg si eiga fingerdokke.  I fjor var det Tysneskoner, og i år var det mogleg å laga seg ein stilig Tysnesmann!  Ein del nytta høvet til det.  Med litt hjelp fekk dei laga seg ei fin fingerdokke.

Utstillinga av bringeklutar blir open ei stund framover for dei som ikkje fekk tid til å sjå utstillinga no i helga.