Gabrielle

Publisert av:
27/1/2016 19:00

I fylgje ho sjølv er konsertane ho har gjort for oss her på Tysnesfest rangert heilt i toppen av det ho har vore med på, og me er enige i at hennar konsertar her har vore blant det råaste me har opplevd! Gabrielle skal i 2016 fokusera på å produsera nytt materiale og skal berre gjere to svært ekslusive konsertar. At me er ein av dei ho har valt, ser me på som ei stor kjærleikserklæring.

Det vert eit rått og energifylt show langt inn i dei seine nattetimar i god Gabrielle-tradisjon.

Når ho ved årsskiftet fylte Rockefeller i Oslo to ganger, kalla P3 det for den perfekte avskjedsgave, men det var før dei visste at ho skal spela hjå oss i sommar. Den same kanalen kasta terningkast 6(!)etter hennar konsert på Slottsfjellfestivalen 2014

Denne dama har verkeleg bevist at det er mogeleg å laga fengjande og hardtslåande urban popmusikk på bergensk. Og ho har mildt sagt enorme salstal å visa til. “Ring meg” har selt til 9X platina, «Bordet» har selt til 6x platina, 2x platina for «Mildt Sagt» og 1x platina for «5 fine frøkner»