G14 laget blei i kveld serievinnarar
7/11/2019 22:07
Det var mykje spenning knytta til kveldens kamp mellom Njardar og Odda på Reiso kunstgrasbane. Sist Njardar møtte dette laget tapte dei 3-1 på bortebane. Det var tydeleg at heimelaget var heiltente på siger frå fyrste stund i kampen. Njardar gjekk på med høg intensitet både i angrep og i forsvar der dei også var effektive med å gjenvinna ballen. Odda gav tysnesingane motstand men sleit med å bryta gjennom framfor Njardamålet. Det var god underhaldningsverdi i kampen og trass eit relativt kjølig kveldsvêr på Reiso sørga begge lag for å skapa passelig temperatur på grasmatta. Kampen enda med stillinga 7-1 til heimelaget. Dette gjer at Njardar toppar tabellen og er serievinnar i 2 divisjon. Gratulerer!
Denne sigeren smaka med andre ord ekstra godt for Njardarlaget. Etter kampen var det samling med mat og drikke i klubbhuset på Reiso og trenar Ronny Hagen oppsummerte sesongen slik. “Me starta forsesongen med ein treningskamp mot eit 1 divisjonslag og fekk regelrett bank. Så inviterte me oss sjølv til cup på Stord – der vann me heile cupen”, seier han og syner fram den store pokalen som dei fekk med seg. “Dette seiersøyeblikket bad eg gutane å nyta etter å ha vunne cupen. For det er ikkje sikkert ein får oppleva dette igjen. ”
Men – sesongen har vore prega av mange sigarar etter dette. Ronny framheva bortesigeren mot Bremnes som ligg på tredjeplass. Dette er antakelig det beste laget dei har møtt. Og no når sesongen er over – kven er det som toppar tabellen? Jo det er Njardar – vel fortjent. Seiersøyeblikket gjentar seg:)
Her kjem bildedryss frå kampen i dag.