Jubel etter straffescoring

G13 tek velfortjent juleferie

Publisert av: May Britt Meland
10/12/2025 08:32

-No fortjener me ein god juleferie, kjem det frå gutane. Det har vore ein travel haust med mange fotballkampar.

8. Desember spelte dei sesongens siste kamp. Haustsesongen avslutta dei på 2. plass eitt poeng bak Lyngbø som vann 2. divisjonspuljen. Etter dette nådde dei 8. delsfinale i Gneist sin “fotball fest cup!

No har dei spelt 2 kampar i vinterserien og møte med 11er bane for fyrste gong. I November vann dei heile 6-0 mot Vestsiden Askøy med 3 mål av Eirik Birkeland, Selmer Norbustad (2) og Askild Dalland Helland.

Mandag kveld var Minde motstander i flomlyset på Reiso Kunstgraset. Olai Dalen Hagen scorer 2 mål før Ellinor Stien Instøy som hospiterer frå Jenter 13 fastsett sluttresultatet til 3-1 med eit godt langskudd.

Olai Dalen Hagen set straffen i mål

 

Laget tek juleferie heilt i toppen av tabellen før to nye kampar og sluttspel venter over nyttår.

Njardar Tysnes har eit spennande lag på gang som viser gode fotball ferdigheitar og flotte haldningar.

God jul frå G13 gjengen!