G12 vann borte
29/8/2012 17:26
Desse var med: Ayleen, Camilla, Amalie, Mattis, Sjur, Nikolai, Marius, Sindre og Elias.
Det var tydeleg at spelarane som hadde vore på cup i helga hadde fått langt meir sjølvtillit. I tillegg hadde gutane fått med tre solide jentespelarar som gjorde ein formidabel innsats, og det blei ein svært spanande og “actionfylt” kamp.
Sindre scora fyrste målet, men straks etter utlikna Kalandseid. Marius høyna til 2-1, og Kalandseid utlikna på nytt. Deretter fekk dei overtak “en stakket stund” med eitt mål. Med god hjelp frå medspelarane utlikna Sindre atter ein gong, og ved pause stod det 3-3.
Øystein Utne som var lagleder for anledningen var særs nøgd med spelarane som gjorde akkurat slik dei var instruert, og delte ut velfortjent ros i pausen.
2. omgang starta med ei kjemperedning av Elias, som gjorde ein suveren jobb
i mål kampen igjennom. Eit våkent og solid forsvar med m.a. Mattis, Amalie
og Ayleen førte til at me vann ballen gang på gang, og dermed snudde spelet.
Camilla var òg eit skikkeleg uromoment som motstandardarane hadde store
problem med å komma forbi. Sjur vann også fleire duellar, og førte spelet
nærare motstandarane sitt mål. Kalandseid klarte likevel 4 mål, og ei
stund frykta me at dei ville vinna med det. Men spelarane våre var fokusert
og på høgget, og heldt godt tempo, noko som betalte seg i ny scoring av
Sindre. Nikolai kom også til avslutning etter iherdig innsats og scora vårt
5. mål. Ei flott pasning frå vingen førte til målgjevande heading frå
Marius, og gav sluttresultatet 6-4.
Både spelarar, trenar og oppmann var i sjuande himmel etter kampen.
Fantastisk kjekt! Dette viser at me har det i oss!