G 16

Publisert av:
15/6/2015 12:29

Njardar/Tysnes – Trio 3: 6 – 0

Laurdag møtte Njardar/Tysnes Trio 3 til kamp på Reiso, der heimelaget vann 6 – 0 etter 2 – 0 ved pause.

Første omgang var relativt jamnspelt. Begge laga hadde sine sjansar, og det var godt keeperspel av Martin som gjorde at gjestene ikkje fekk mål. I andre enden av banen putta Einar og Sjurd, som begge scora sine første mål for året.

I andre omgang var det tydeleg at kreftene til Trio tok slutt, og i løpet av det siste kvarteret laga Njardar/Tysnes fire mål. Sondre og Elvis fekk nettkjenning for første gong i år, og dei to siste måla kom ved Elias og Einar.

Motstanden var svak i denne kampen, men det skal ikkje ta ifrå heimelaget sine spelarar at dei stod på og kjempa. Når dei roa seg ned, fekk me også sjå ein del bra spel. Det er kjekt å sjå at laget har spelarar som gjer andre gode. Sigeren var fullt fortent.

Njardar/Tysnes har hatt fleire langtidsskadde spelarar, og to nye forfall like før kampstart gjorde det ikkje betre. Til hausten flyttar ein del heimefrå for å gå på skule, og då lyt Njardar/Tysnes truleg stilla sjuar- eller niarlag.

Desse var med: Martin Bakke, Mattis Utne, Elvis Kalvans, Karl Henrik Helgesen, Sjur Håvik, Elias Jordal, Håkon Knudsen, Sondre Flygansvær, Sjurd Pedersen, Remy Gundersen, Isak Enes og Einar Stikholmen.