G 14 avslutta vårsesongen med siger.
19/6/2013 13:47
Sjølv om me helst vil spela 11`ar fotball så har 7`ar fotball også sin sjarm.
Den siste kampen gjekk mot Harding i Lofthus. Førebuingane var ikkje dei beste, overnatting i telt natta før kampen og ei lang reise til Lofthus er ikkje optimalt. Aldri har det vore så roleg i bilane på veg til kamp. Likevel vann Njardar/Tysnes 12 – 3.
Njardar/Tysnes hadde eit klart overtak gjennom heile kampen, og me fekk glimt av bra spel. Martin er trygg og god som sisteskanse, og forsvaret sikra godt mot spissane til Harding. Framover var spelarane agressive og vann ballen høgt på banen. Alf Inge var presis i asvlutningane, noko som resulterte i åtte mål. Dei andre måla vart laga av Erik 3 og Henrik.
Desse var med: Martin Bakke, Jakob Lande, Erik Enes, Erlend Magnussen, Kenneth Dalland, Thomas Hjelland, Henrik Epland og Alf Inge Stue.
I vårsesongen har Njardar/Tysnes spelt i pulje med 11`ar og 7`ar lag. Laget vart nr. to i si pulje etter Rosenda/Uskedal som vann alle sine kampar. Ut frå fotballkretsen sine retningslinjer skal Njardar/Tysnes i haust spela i ei rein 7`ar pulje som skal spela om kretsmeisterskapen for 7`ar lag. Dermed nådde laget målsetjinga for vårsesongen. Målet for hausten er å verta kretsmeister
Tekst: Helge Hauge