Fyr i kjøken

Publisert av:
8/1/2013 17:03

Tysdag ettermiddag i 17-tida byrja det å brenna i eit kjøken i eit hus på Tysnes. Ingen personer skal ha blitt skada i brannen.

Ein person skal ha redda seg ut, melder sunnhordland.no. Brannen skal ha starta på kjøkenet.

Ei eldre kvinne budde i bustaden. Ho var heime då det tok til å brenna, skriv Bladet Tysnes.

Brannsjef Torfinn Kongsvik seier til bt.no at flammane spreidde seg frå kjøkenet og eit lite stykke opp mot loftet, men dei fekk kontroll over det.

Kongsvik antyder til bt.no at brannen oppstod i samband med matlaging på kjøkenet, og at ilden har gått opp vifta. Men dei kan ikkje sei dette heilt sikkert enno. Kvinna må venta nokre dagar før ho kan flytta inn att i huset sitt.