Full rulle på cup

Publisert av:
27/12/2011 22:38

Halv fem tysdag ettermiddag gjekk startskotet for den fyrste kampen i årets Tysnes Kraftlag Cup i hallen. Etter 25 kampar var den siste finalen ferdig rundt klokka 22:30.

Det var i år totalt 14 lag som hadde meldt seg på til romjulscupen. Desse 14 laga var fordelt på tre klassar. Arrangør var som vanleg Njardar/Tysnes og alle resultat ligg på njardar.no her

Det var fyrst innleiande kampar før ein gjekk over til sluttspelkampar.

Finaleresultata vart slik:

Klasse 3 “lettbeinte damer    
I ulage – (G)old Ladies 2-1
(Malin Kongsvik)   (Kari Lande)  
     
Klasse 2 “sårbeinte menn”    
Deaf Boys – Bratwurst Munchen 5-1
(Arne Nesse)   (Håvard Malkenes)  
     
Klasse 1 “lettbeinte menn”    
Superlaget – Boca jr. (etter str) 3-1
(Thomas Hagen)   (Tommy Bjørkelund)