FRIVILLIGPRISEN 2014
19/12/2014 23:00
Styret i Frivilligsentralen har i møte 17.12.14 samrøystes vedteke at Grethe Barmen skal få Frivilligprisen for året 2014.
Vedtaket er fundamentert på frivillige aktivitetar og innsats gjennom:
• Lokalpolitikken i Tysnes
• Onarheim musikklag
• Onarheim sokneråd
• Onarheim bygdalag
• Onarheim skule
• Generell frivillig aktivitet
Stikkorda for dei fleste aktivitets- og innsatsområda er i det vesentlege sjølvforklarande. I musikklagt har Grethe vore aktiv i ei årrekkje. Og som lærar ved Onarheim skule har ho saman med elevane i stor grad stilt opp og gjort dugnadinnsats ved utallige arrangement på fullstendig frivillig basis. Det vere seg på basarar, idrettsarrangement, familiedagar og i kyrkja. Grethe er generalt eit «ja-menneske», anten det er for å stø opp om dametrimmen eller det gjeld spørsmål av meir privat karakter som hjelp ved konfirmasjon, bryllaup o.l. Skulle det i slike samanhengar vera trong for å laga ei kake eller to, plar det aldri vera noko problem!
Styret har vedteke at Frivilligprisen skal tildelast Grethe Barmen ved ei tilstelling på Laukhamar Fritid 09.01.14.