Frå Spania til Tysnes
27/7/2012 18:30
Sjølv om Oscar Sandoval og kona Mar Hidalgo ikkje har fått jobb enno, vel dei å flytta til Tysnes saman med dei to borna på fem og seks år. Og grunnen er at i heimlandet deira Spania så er det svært vanskelege forhold som følge av finanskrise. Ein fjerdedel er arbeidsledige.
At Tysnes kommune tok initiativ til å ta seg av euroflyktningane har fått stor merksemd, og i dag har altså Vårt Land si sak på dette.
Han er utdanna innanfor marknadsføring og administrasjon og var forretningsutviklar då han mista jobben. Kona er filolog.
På Tysnes er Sandoval derimot innstilt på å ta kva som helst jobb inntil han kan norsk. Han er også villig til å pendle dersom det blir aktuelt. Til Vårt Land seier fortel han at han har tatt truckførerbevis og bussertifikat for å vera mest mogleg allsidig. Å ikkje kunne norsk er eit handikap, men han er optimistisk.