Fôrtvilt over rundballar på avveie
1/4/2018 09:35
Anders Dalland har sett seg lei på frekke tjuvar som har forsynt seg av rundballane han har lagra ved vegen i Dallandsbrekko. Difor har han no gått til det steget å gjerda inn rundballe stabelen.
Eg trur fôrmangelen no til dags bidrar til ein auke i denne typen kriminalitet, seier Anders til Tysnesingen.
Han mistenkjer ikkje at det er bønder her på øya som har forsynt seg. Fjoråret var krevjande for dei fleste med tanke på å sikra nok fôr til vinteren så dei fleste har ballansert forbruket med alternativt fôr. Dyra har på ingen måte lidd noko naud – men det ballar fort på seg med meir arbeid når det minkar på fôret, seier Anders.
Mysteriet starta rett over nyåret, då anders oppdaga at rundballestabelen minka merkbart utover dei rundballane han sjølv var å henta.
Eg trudde det hadde gått litt i ball med tellinga mi, men då eg undersøkte litt nærmare fann eg ut at nokon hadde vore på ferde og forsynt seg. 7 rundballer er stolen i løpet av to månader.
Ikkje mine traktorspor!
Anders gjorde ei lett undersøking rundt staden og oppdaga mistenklelege traktorspor. No på vinterstid køyrer Anders med sveipa traktordekk slik at det var lett å skilja dei nye spora frå hans eigne.
Det er tydeleg at her har det vore uvedkomande på ferde og forsynt seg seier Anders og peikar på spora som går frå vegen og inn på lagringsstaden. Dette er ikkje mine spor, det ser du tydeleg.
Anders såg seg difor nøyd til å åpna pengepungen og investera i gjerdemateriell slik at resten av fôrlageret ikkje forsvann.
Eg burde kanskje ha supplert med hengelås her men strips verkar å gjera nytten. No må uansett tjuvane fram med knipetang for å få has på ballane mine.
Politikontakt Lorentz Lunde seier til tysnesingen.no at denne typen tjuveri ikkje er veldig utbreidd på Tysnes. Han rosar samstundes Anders for å ha ballar til å stå opp imot tjuvane og gjera det vanskeligare å stjela.
No er ikkje dette snakk om juvelane til Anders akkurat, men fôr til dyra er svært verdifullt for ein bonde, seier Lorentz. Vidare fortel han at Politiet på Tysnes ikkje ballateliserer denne typen småkriminalitet og har oppretta etterfôrskning i saka.
Anders oppmodar bilistar til å vera på vakt når dei ferdas i Dallandsbrekko. Dersom ein sku oppdaga mistenkelig aktivitet kveld og nattestid, bør det ringa ei bjelle.
Har du tips i saka? Kontakt gjerne Anders Dalland på tlf 911 21 267