Førstehjelpskurs
5/11/2014 07:20
Har du barn?
Omgås du barn i din kvardag?
Har du eit arbeid med ansvar for barn?
Er du trygg på førstehjelp for barn?
Tysnes Røde Kors vil halde eit kurs i førstehjelp for barn og spedbarn
den 10. desember klokka 18.00 i korpshuset på Gjerstad.
Kvelden vert lagt opp på fylgjande måte;
Me startar med å gå gjennom og demonstrere basal hjerte- og lungeredning på barn og spedbarn.
Alle deltakarane få moglegheit til å trene ved bruk av førstehjelpsdukker.
Deretter vil me ha ein teorigjennomgong der me presenterar dei hyppigaste sjukdommane og tilstandane som potensielt kan forårsake hjertestans hos barn.
Me vil også gå gjennom tiltak ved framandlegeme i luftevegar hos barn, brannskader, blødninger, stabilt sideleie og tiltak ved drukning.
Kurset vil bli avholdt av Geir Røssland og Nina Sundfjord.
Prisen vil avhenge av antal påmeldte. Vert det om lag 15 påmeldte, vil prisen verte rundt 200 kroner per person.
Påmeldingsfristen setjast til den 1. desember 2014 klokka 23.00.
Ein påmelder seg ved å sende ein melding, eller ringe til Nina Sundfjord på 98813515.
Me ser fram til ein kjekk og lærerik kveld med Dykk!