Astrid S kjem til Tysnesfest 2023. Pressefoto: Janne Rugland

Første artistslepp til Tysnesfest 2023

Publisert av: May Britt Meland
31/10/2022 13:54

Astrid S – berre namnet får det til å gnistre i discolamper og mellomgolv – eit popvidunder av dei heilt sjeldne, kjem sjølvsagt fyrst når Tysnesfest byrjar å sleppe stjernene som skal spela på festivalen i 2023.

Med over fire milliardar strømningar av hit-singlar som «Hurt So Good», «Think Before I Talk» og «Emotion», seks EP’ar, utselde verdsturnear, og vinnar av «Årets Spellemann» i 2018 er Astrid S utan tvil ei av dei største stjernene i Noreg.

Ekte stjerner lyser på alle scenar og Astrid har verkeleg utfordra seg sjølv med å glitre på filmlerretet som Askepott, og i motebransjen med sitt eige klesmerke By Astrid S.

No er det turnering og musikk som kjem i første rekke, og låta «Come First» er første i rekka av nye hits som kjem som perler på ei snor fram mot det som blir ein festivalsommar der Astrid S kjem til å vise kven som er norges verkelege pop-dronning. Me gler oss til å få besøk  av megatalentet på Tysnesfest.

 

Sitat Øystein Vaage:
– Endelig er me i gong med å lansera artistane som skal prega festivalen i 2023! 

– Me har gledd oss veldig til å avsløra at Astrid S er blant artistane som kjem til Tysnes neste sommar. Astrid S har vore her før, og sidan den gong har ho blitt ei av dei absolutt største stjernene i Noreg!