Publisert av:
7/12/2011 19:44
Førjulskos
Som vanleg laga skulekorpset til ei hyggjestund for musikkinteresserte oppunder jul ved Lunde skule.
Dei frammøtte fekk høyra julelåtar frå både aspirantane, juniorkorpset og skulekorpset. Det var også heider og utdeling av medaljar for dei med lang fartstid i skulekorpset.
Etter musikkinnslaga var det kveldsmat og lynutlodning.