Forfattarbesøk til vårfesten
20/4/2017 17:10
Vårfest på Jensvoll
Den årlege vårfesten på Jensvoll bedehus vert fyrstkomande søndag 23. april kl 16.30.
Denne dagen får me besøk av Haldis Reigstad, og me trur det vert eit spennande møte.
Ho er hjelpepleiaren som vart forfattar i vaksen alder, og som i dag er mellom dei mestseljande lyrikarane i Noreg. Sidan 1987 har ho gitt ut 19 diktsamlingar i eit samla opplag på nærare 90000 bøker. Mange av dikta er tonesett, og me finn dei både i Sangboken og den nye salmeboka. Ho er oppteken av naturen, kristen tru og menneskelege erfaringar som motgang, håp og trøyst. Hennar likeframme og tillitsfulle stil har funne gjenklang i mange hjarte. Den kjende produsenten og komponisten, Trond Andersen har karakterisert Haldis som «vår tids Lina Sandell». Han meinte dei begge hadde same evne til å leggja orda i folkemunn, slik at dei kunne kjenna seg att.
Haldis er ein omsorgsperson, noko som kjem tydeleg fram i diktinga hennar, anten dikta omhandlar medmenneskelege relasjonar, eller gjennom hennar inderlege formidling av Guds omsorg for menneske og skaparverket.
Velkomen til Jensvoll på søndag!