Førehands- røysting
6/7/2017 06:06
Dersom du ikkje kan møta fram i røystelokala på røystingsdagen, kan du røysta på førehand. Du kan førehandsrøysta i den kommunen du sjølv ønskjer. Dersom du førehandsrøyster i ein annan kommune enn der du er innført i folkeregister, må du hugsa på at røysta skal nå fram til heimstaden gjennom posten innan dagen etter valdagen kl.17.00.
Du kan røysta på førehand frå og med torsdag 10.august i Tysnes.
Førehandsrøystinga skjer i fellestenesta på rådhuset:
Opningstider: 10.08 – 08.09.17: Måndag –fredag : kl .09.00 – 15.00.
Utvida opningstider:
Laurdag 02.09.17: kl 12.00 – 16.00
Søndag 03.09.17: kl 14.00 – 18.00
Fredag 08.09.17: kl 15.00 – 20.00
Siste frist for førehandsrøysting er fredag 08.september kl 20.00.
Hugs valkort og legitimasjon! Valkorta vil vera ein integrert del av ein faldar(brosjyre). Alle som står i folkeregisteret vil få brosjyren tilsendt, før den ordinære førehandsrøystinga tek til 10. august.
Les meir her.